page view image

Fres Festival presenterar! Ungdomskulen returns! Dobbelt 20års jubileum!

Informasjon
event image

I år er det i alle fall to ting som fyller 20 år! Fres Festival, og Ungdomskulen! Det heile vert markert med ein heilaften på Landmark! Finn fram hammar og meisel og kakk ut 28. februar i granittkalendaren! Då gjer vi nemleg Landmark om til Fresvik, og set Ungdomskulen der dei høyre heime - på scena på Skausgarden. Ta med vener og kjente og bli med å få ein smak av den komisk trivelege Fresviben!


Fres Festival - for den uinnvigde - starta så smått i 2005! Den gong var det ein katastrofe av ein kombinert musikk- og kortfilmfestival som etter alle solemerker hadde INGEN framtid utover denne eine utgåva. Men etter ei rekke år, uheldige omstende og regelrett uflaks måtte arrangørane til slutt innsjå at dei hadde kome i skade for å etablera ein fullblods om enn komisk liten musikkfestival over tre dagar siste helga i juli kvart JÆVLA år (borsette frå 3 av dei)!

Det er mykje ein kan sei om Fres Festival, men at den er heilt latterleg uavhengig, at den finn stad i noko av det vakraste vestlandet kan by på av fjord, fjell og nydampa blåskjell, at den kan skilte med ein rimeleg raff bookingprofil, og sist men ikkje minst, at det er den trivelegaste festivalen sør for nordpolen, det brukar å vere å finna blant topp 4 utsagn om nettopp Fres Festival.

At Fres no fyller 20 må feirast i lag med ein annan 20-åring! I 2025 er det 20 år sidan trioen gav ut sine første 7”, som etterkvart vart følgt opp av smått legendariske Cry Baby i 2007. Dei runda av ei rekke knallandes sterke utgivelsar med Gold Rush i 2018! Dei siste åra har Kristian, Frode og Øyvind vore aktive på produsent- og utøvarfronten i ei røys med andre prosjekt: Datarock, Lars Vaular, Stockhaus, Lekende Lett, etc etc (Etch a Sketch)!

Ungdomskulen er no attende, for første gong live (direkte) i Bergen på 8 år! Som alltid byr dei på den frekkaste miks av punk, prog, rock, indie og dependie. Dei presenterer ei rekke klassikarar og, kven veit, kanskje til og med noko nytt materiale?? Berre å gleda seg med andre ord! Ver budd på både merkand og melding med heim til føresette!

Vi feirar dette doble 20-års jubileumet med følgande uimotståelege tilbod: Kjøp festivalpass til Fres Festival og få inngang til Landmark 28. februar med på kjøpet!! Dersom du av grunnar kun dei visaste kan fatte ikkje vil ha festivalpass til Fres Festival, er det naturlegvis også mogleg å kjøpa vanleg inngangsbillett!

Men IKKJE NOK MED DET:

DJ Roberta
Hun begynte sin reise for et år siden og har allerede spil på blant annet Østre, Café Opera og Landmark. Med en variert musikalsk stil og fokus på pulserende grooves og fengende rytmer, setter hun sitt preg på kvelden.

Skatebård
Er ein norsk DJ, produsent og musikar innan elektronisk musikk, opprinneleg frå Hovdebygda, busett i Bergen. Han ga ut første albumet sitt, 'Skateboarding was a Crime (In 1989)', i 2002 og har gitt ut fem soloalbum, minst 20 vinyl-EP'ar/singlar og minst 30 remixar sidan det. Ellers har han mellom anna tre Boiler Room-sett på YouTube, og nærmare 100 dj-sett liggande på SoundCloud. Har dei seinaste ti åra turnert ekstensivt rundt i Norden, Europa, Australia og Asia med. Han er kjend for ein særegen stil som blandar gammal rave og house med synthpop og italo-disco, alt i ei kosmisk ferge godt på veg til det ytre rom.


——Tilkomst——

Bergen Kunsthall har tilkomst fra gateplan og har kjønnsnøytrale toalettfasiliteter. For mer informasjon, vennligst besøk https://www.kunsthall.no/no/besok-oss/tilgjengelighet/

Hvis du har spørsmål eller forespørsler, vennligst kontakt bergen@kunsthall.no, vårt personale vil gjøre sitt beste for å hjelpe.

Bergen Kunsthall har nulltoleranse mot diskriminering og trakassering på grunnlag av etnisitet, kjønnsuttrykk, kjønnsidentitet, seksuell orientering, religion, klasse, alder eller funksjonsevne — og ber vårt personale, kunstnere og besøkende om å gjøre det samme.

Restriksjoner

ID 20+
Vergeordning tilgjengelig

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning